EUROVOX 2006
10 - 13 august i Wien
- klikk på lenken for informasjon

Bilder over, fra venstre mot høyre:
- Norma Enns, president i EVTA - Ragnhild Eide Akslen får undervisning av Margreet Honig
- Christa Ludwig - norske deltakere


REFERAT FRÅ EUROVOX 2006 i WIEN
ved Tore og Magni

Fyldigare referat med meir utdjuping kjem i neste nummer av ”Stemmer som stemmer”, men her er ein smakebit, skrivne av utsendingane frå styret, Tore og Magni.

10.-13. august 2006 fann den 10. EVTA kongressen stad i Wien, i dei flotte lokala til Universität für Musik und Darstellende Kunst. Arrangørane hadde laga eit omfattande program med årsmøte, meisterklassar, konsertar, foredrag og diskusjon. Tittel for kongressen var ”Vienna Voice Virtuosity”. To hovudtema var wienerklassisisme - med Mozart i høgsetet - og den 2.wienerskole. Det må seiast at Mozart-året sette sitt tydelege preg på Wien.

ÅRSMØTE
Delegatar frå 15 land møtte, og formann Norma Enns (foto) leia møtet. Rekneskap og årsmelding vart lagt fram og godkjent.
Våre systerorganisasjonar frå Island og Spania kom no formelt under EVTA-paraplyen, og med det er det har EVTA 16 medlemsland.

Det vart diskutert om rekneskapen skulle reviderast av medlemmer, eller eit eksternt, kyndig firma. Ein samla seg om å snakka med dei same revisorane som den tyske organisasjonen nyttar, ettersom EVTA sin rekneskap ligg under tyske rekneskapslover.

Spørsmålet kom opp om ein skal betala EVTA kontingent for æresmedlemmer i dei nasjonale organisasjonane. Denne diskusjonen engasjerte mange. Ein vart til slutt samde om å betala EVTA kontingent for ”betalande medlemmer”.

For å betra økonomien kom styret med eit forslag om ordning for støttemedlemsskap, både for einskildpersonar og organisasjonar, og dette fekk tilslutning.

Under årsmøtet var det val av styremedlem og to varamedlemmar, og Jacques Schwarz frå Frankrike blei nytt styremedlem.

EVTA sin logo vart presentert. Designarane har også lagt opp til at dei enkelte medlemslanda kan kjøpa rett til å nytta logoen, med ein nasjonal vri. Dette har Sveits alt gjort.

EVTA ynskjer å vidareutvikla kontakten med dei einskilde landa og laga betre kommunikasjon, både sentralt og mellom medlemsorganisasjonane. I samband med dette har EVTA planar om å utvikla eit utvekslingsprosjekt, der songlærarar og elevar møtast ei veke for fagleg kveik, gjerne gjennom workshops. Dette vart kobla med ein invitasjon frå den polske organisasjonen til september 2007. Denne veka vil vera eit pilotprosjekt i utviklinga av EVTA sin tanke.

EVTA vart òg samde om å gjera kjent sin ”Model Code of Ethics”, etiske retningslinjer for songlærarar i høve til fag, elevar og kolleger. Desse vil bli publisert på EVTA sine nettsider, slik at dei som ynskjer det, kan nytta seg av dei.

Årsmøtet vart avrunda med ein presentasjon av og invitasjon til det kombinerte ICVT/Eurovox i Paris i juli 2009.

MEISTERKLASSAR, KONSERTAR OG FOREDRAG

Dagen byrja med tre ulike tilnærmingar til fysisk oppvarming. NSPF sine utsendingar valde å følgja opp Franklin-metoden, leia av Michaela Schausberger. Me fekk prøva enkle og effektive måtar for å løysa opp og få i gang kroppen. Positivt for effektiv muskelbruk og god kroppshaldning.

Dagane var vidare delt inn i ulike mesterklassar på føremiddag og presentasjonar / forelesingar på ettermiddag, ispedd konsertar. Her må nemnast at første kveld var det fin mottaking og mykje god mat i sjølvaste Rådhuset for oss.

På meisterklassane og konsertane fekk me stifta bekjentskap med songstudentar frå 12 land. Dei hadde kvalifisert seg til å delta gjennom prøvesong. Eit av kriteria var god kjennskap til deira eige land sine tidleg 1900-tals komponistar – helst med tilknytning til den 2. Wienerskole (Schönberg, Berg og Webern). Med Fartein Valen har Noreg ein av dei fremste ikkje-austerrikske representantane for denne retninga. Ragnhild Eide Akslen var Noregs student (sjå presentasjon i junibladet). Ho er nett ferdig med masterstudium der ho har arbeid med mange av Valen sine songar, og ho framførte nokre av desse på studentkonserten til stor applaus.

Meisterklassane i klassisk song var med Margreet Honig, Rudolf Piernay og Christa Ludwig. Noelle Turner hadde temaet ”Bel Canto on Broadway”, og Inès Reiger jazz.
Det var mange interessante økter som gav både nye tips og kveik til eiga undervisning. Klassane var organisert slik at alle hadde høve til å få med seg alle ”meistrane”.
Eit av høgdepunkta var meisterklassen siste dag med Christa Ludwig der fire studentar song musikk av Alban Berg, Arnold Schönberg og Gustav Mahler. Det var interesant å sjå korleis ho jobba, som kjenner dette repertoaret så godt. Arbeidet hennar poengterte sterkt at teksten og innleving er utgangspunkt for forminga og nyansar av musikken. Det er viktig at ingenting er ubevisst.

Tema for foredraga var så forskjellige som sceneopptreden, kontratenorar og tenorar i Mozarts musikk, koloratur, stemmehelse under Salzburg festivalen, ornamentikk og notasjon, og ikkje minst dei to folkelege og beslekta sanguttrykka jodling (Sveits) og dudling (Wien). Dirigenten for Wiltener Sängerknaben, Johannes Stecher, heldt eit halvannan times foredrag om arbeid med guttekor, med mange poeng illustrert av ei rekkje songarar frå koret. Kvar korist får òg songtimar, stemmeutvikling til den einskilde er viktig. St.Rochus kyrkje var overfylt då koret heldt konsert.

Før avslutninga vart alle deltakarane på kongressen invitert til ”europeisk forum” der ein gruppevis diskuterte ulike aspekt ved EVTA og kongressen. Det vart ikkje tid til å presentera det gruppene kom fram til, om m.a. det etiske kodekset, utvekslingsprosjektet og korleis ein på best måte kan nytta meisterklasse på kongressar. Men det vil etter kvart bli lagt ut på EVTA sine nettsider.

Til slutt fekk styremedlem i EVTA og øvste leiar for Eurovox, Helga Meyer-Wagner, takk og blomar for strålande innsats og organisering. - Og dei som hadde bestilt billett til Don Giovanni i Theater an der Wien, fekk endå eit høgdepunkt med seg frå Eurovox og Mozartfeiring i Wien.      

                             

EUROVOX 8. - 11. AUGUST 2003 i Oslo

På sommerens varmeste dager var nesten 200 mennesker fra nær og fjern samlet innendørs på Norges Musikkhøgskole - til foredrag, workshops og konserter under temaet

"Voice, Body and Soul"

Takkebrev og hilsener har strømmet på, fra Europa, USA og Canada – her er noen av tilbakemeldingene:

  • Great! Nothing more to say!
  • Very Positive!
  • Stor bredde i emne – og foreleservalget, integritet i samme
  • Very interesting!
  • Gute Vorbereitung, freundliche und aufmerksame Bedienung…
  • Well organised, pleasant atmosphere.
  • First day too full!
  • Fikk jo nesten ikke tid til å gå på do!
  • Variert og med mye faglig tyngde.
  • Jeg skal definitivt på kongress igjen!
  • Storartet!… intensiteten og det "spekkede" programmet ga derfor bare mer energi .
  • Velorganisert, interessant, variert, god stemning, gode konserter, velvalgt tema

Kort sagt – vi kan puste ut etter en vellykket konferanse og sende en stor takk til et hardt arbeidende styre og alle utvalgene som var i sving, og ikke minst alle frivillige som fikk hjulene til å fungere så knirkefritt!

Lenke til Eurovox 2003 web.


Styret i Eurovox 2003